Skaut person som krasja i syklistar
Politiet i Arizona skal ha skote ein mistenkt som dei seier i ein pickup-bil køyrde på fleire syklistar under eit sykkelritt, melder CNN. Ifølgje ein pressemelding frå politiet blei seks personar køyrde til sjukehus. Fire av dei skal vera i kritisk tilstand. To er kritisk skadde, men stabile. To eller tre andre tok seg sjølve til sjukehuset, opplyser politiet. Den mistenkte er også i kritisk, men stabil tilstand. Personen skal ha køyrd frå staden etter hendinga. Politiet følgde etter og skaut personen.