Skal jobbe for atomfritt Korea
President i USA, Joe Biden, og statsminister i Japan, Yoshihide Suga, er samde om å arbeide for at Koreahalvøya vert fullstendig fri for atomvåpen. Det var bodskapen Det kvite huset meldte etter den fyrste telefonsamtalen mellom dei to onsdag.