Hopp til innhold

Sian-påkøyrsel: Politiet siktar førar for forsettleg påkøyrsel og kroppsskade

Politiet meiner bilen som Sian-leiar Lars Thorsen sette i, blei påkøyrd med vilje av ein annan førar.

Politiet har arrestert og sikta føraren for forsettleg påkøyrsel og forsøk på grov kroppsskade. Det var også ein annan person i bilen med føraren. Begge er køyrd til arresten.

– Så kan siktinga endre seg etter kvart som vi gjennomfører avhøyr og får kunnskap om det som skjedde i forkant. Det er viktig å vite kva som har utløyst denne hendinga, seier innsatsleiar Tore Barstad.

Politiet er kjent med at Sian-leiar Thorsen i dag har brent koranar utanfor Oslo politihus og moskeen på Mortensrud, noko som politiet understrekar må sest i samanheng med påkøyrselen.

I bilen til Thorsen var det fem personar. Fire er køyrd til legevakt, ein til sjukehus. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar.

Tore Barstad
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no