Hopp til innhold

Scholz får kritikk etter Kyiv-uttale

Tysklands statsminister Olof Scholz har hissa på seg kritikarar etter å ha sagt at han ikkje aktar å besøkje Kyiv berre for å ta bilete.

Europeiske leiarar har dei siste vekene reist til Ukrainas hovudstad der dei har møtt president Volodymyr Zelenskyj.

Scholz har ikkje vore blant dei, truleg for å markere misnøya si med at leiinga i Kyiv førre månad takka nei til eit besøk frå Tysklands president Frank-Walter Steinmeier.

– Eg stiller meg ikkje i køen saman med ei gruppe menneske som dreg på lynvisitt for at det skal takast bilete. Det må handle om meir konkrete ting, sa Scholz til kringkastaren RTL måndag.

Kritikken lét ikkje vente på seg, og blant dei som reagerte, var CDU-leiar Friedrich Merz som sjølv nyleg besøkte Zelenskyj.

Han viste til at både utanriksminister Annalena Baerbock og presidenten i den tyske nasjonalforsamlinga, Bärbel Bas, er blant dei som nyleg har vore i Kyiv.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no