NRK Meny
Sandstorm i Teheran
Foto: Ebrahim Noroozi / Ap

Sandstorm i Teheran

Oppsummert

Tre menneske har mist livet i den kraftige sandstormen som ramma den iranske hovudstaden Teheran i dag. Det er målt vindkast på 125 kilometer i timen, og det er aldri tidlegare registrert så kraftig vind i byen.

  • Minst fire omkom i Teheran

    Minst fire menneske miste livet og minst 27 er skadde som følgje av sandstormen som ramma den iranske hovudstaden Teheran i dag. Alle dødsfalla skuldast fallande tre, opplyser det iranske kriseministeriet.

  • Sandstorm mørkla Teheran

    Sandstormen som ramma den iranske hovudstaden Teheran i dag var så kraftig at det vart nattemørkt midt på dagen. Minst fire menneske omkom som følgje av sandstormen.

    Sandstorm i Teheran
    Foto: Ebrahim Noroozi / Ap
  • Tre omkom i sandstorm i Teheran

    Tre menneske har mist livet i den kraftige sandstormen som ramma den iranske hovudstaden Teheran i dag, melder det iranske nyheitsbyrået ISNA.

  • Uvanleg kraftig sandstorm i Teheran

    Ein uvanleg kraftig sandstorm har ramma den iranske hovudstaden Teheran i dag. Fleire bygningar er øydelagde, og straumen er borte i delar av byen. Det er målt vindkast på 125 kilometer i timen, og det er aldri tidlegare registrert så kraftig vind i byen, melder AFP.

Sandstorm og veltede trær i Teheran, Iran.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no