Hopp til innhold

Russland trekkjer seg frå Den europeiske menneskerettskonvensjonen

Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) vil ikkje lenger gjelde i Russland etter 16. september, opplyser Europarådet.

Russland gav i førre veke beskjed om at landet trekkjer seg frå konvensjonen. Regelverket seie at oppseiinga må varslast seks månadar på førehand. Difor vil konvensjonen gjelde for Russland det neste halve året.

Den europeiske menneskerettsdomstolen kjem då til å behandle alle saker som blir reiste mot Russland for brot på konvensjonen til og med 16. september, opplyser Europarådet.

Russland trekte seg frå Europarådet tidlegare i mars, få dagar etter at det vart klart at landet uansett kom til å bli kasta ut av organisasjonen.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no