Russisk militærøving i Svartehavet

Måndag starta ei storstilt militærøving i Svartehavet. Rundt 20 russiske krigsskip deltek, opplyser militære kjelder til Interfax, ifølge Reuters.

Øvinga kjem etter at Ukraina har gjennomført ei felles øving med USA.

Forholdet mellom Ukraina og Russland har vore anstrengt etter at Russland annekterte Krim-halvøya og støtta prorussiske separatistar i Donbass-regionen i 2014.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no