Russisk fiskebåt avbraut verftsopphald
Fredag innførte Noreg sanksjonar mot den russiske politikaren Igor Dmitrievich Zubarev som har hatt to fiskebåtar liggande ved Fiskerstrand verft på Sunnmøre i fleire veker.
Fredag vart verftsopphaldet avbrote og den eine trålaren «Belomorsk» la frå kai med kurs nordover. Den andre båten, «Kem», ligg der framleis.
Etter at Zubarev hamna på sanksjonslista blei ein ny russar, Igor Viktorovich Chevychalo, oppført som eigar av skipa. Tom Staavi i Finans Noreg sa då at dette kan vere eitt forsøk på å omgå sanksjonar.