Hopp til innhold

Den russiske eigaren blei sanksjonert – no reiser trålaren

Den russiske topp-politikaren har hatt to båtar liggande på Sunnmøre i fleire veker. Fredag innførte Noreg sanksjonar mot han. No har det eine skipet lagt frå kai med kurs mot nord.

Belomorsk

«Belomorsk» utanfor Mørekysten. Sett frå fiskebåten «Ragnhild Kristine» søndag ettermiddag.

Foto: Øystein Orten / Ragnhild Kristine

Fredag innførte Noreg sanksjonar mot den russiske politikaren Igor Dmitrievich Zubarev.

Han eig fleire fiskebåtar, og i fleire veker har to av trålarane hans lege ved verft i Noreg.

No, to dagar etter sanksjonane kom inn i lovverket, har den eine av båtane, «Belomorsk», lagt frå kai med kurs mot nord.

Belomorsk på veg.

NORD: AIS-data viser at trålaren har lagt ut frå Sunnmøre med kurs mot nord.

Grafikk: SKJERMDUMP / MARINE TRAFFIC

– Målet er å stoppe og avgrense finansieringa av krigen, sa Jonas Gahr Støre då han la fram sanksjonspakken på fredag.

I forskrifta går det fram at alle pengar og eigendelar som sanksjonerte personar har i Noreg skal verte frosne, slik at eigaren ikkje kan disponere dei. Dette gjeld også skip.

Les også Innfører Eu-sanksjonane i Noreg

Jonas Gahr Støre på pressekonferanse.

Russerbåt Belomorsk tot Fiskerstrand Verft

«Belomorsk» til kai ved Fiskerstrand Verft på Sunnmøre tidlegare denne veka.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Båten har lege ved Fiskerstrand Verft for reparasjonar. Verftsdirektør Magne Standal seier dei var informert om at skipet ville reise.

– Dei har nok vore ukomfortable med situasjonen, så dei avbraut verkstadopphaldet her hos oss, seier Standal.

Den siste veka har verftet stoppa arbeidet på skipet på grunn av at Zubarev hamna på sanksjonslista.

Verftet varsla UD då dei blei kjende med at skipet ville reise.

Ifølgje Standal skal dei også ha oppmoda reiarlaget om å ikkje flytte skipet før dei hadde fått svar frå norske styresmakter.

Magne Standal

Magne Standal er administrerande direktør ved Fiskerstrand Verft. Dei har samarbeidd med russiske kundar i over 20 år.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Bytta eigar

Berre dagar etter at Zubarev hamna på EU si sanksjonsliste, blei ein ny russar, Igor Viktorovich Chevychalo, oppført som reell eigar av skipa.

Tom Staavi i Finans Noreg sa då at dette kan vere eitt forsøk på å omgå sanksjonar.

Verftsdirektør Standal seier til NRK at russarane informerte dei om at reiarlaget har bytta eigar denne veka, men vil ikkje spekulere i kva som kan vere grunnen til eigarskiftet.

Les også Her ligg båtane til Putin sin partifelle

Russerbåt Kem front Fiskerstrand

Russisk topp-politikar

Zubarev er medlem av same parti som president Vladimir Putin, Forent Russland.

Han er vald inn i det russiske Føderasjonsrådet, og hamna på EU si sanksjonsliste etter at han stemte for å anerkjenne Donetsk og Luhansk som sjølvstendige folkerepublikkar.

I 2021 var Zubarev på 8.-plass på Forbes si liste over russiske tenestemenn med mest inntekt. Dei estimerer at Zubarev tente 2,4 milliardar rublar i fjor.

Russerbåt Belomorsk tot Fiskerstrand

«Belomorsk» til kai ved Fiskerstrand Verft på Sunnmøre tidlegare denne veka.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Kan ikkje gå frå kai

Den andre båten Zubarev har hatt ved Fiskerstrand Verft, «Kem», ligg der framleis.

Verftsdirektøren seier det skipet ikkje har moglegheit til å reise no.

– Det står att over ei veke med arbeid på den. Vi har demontert roret for vedlikehald, så «Kem» kan ikkje reise nokon veg, seier Standal.

Russerbåt Kem front Fiskerstrand

Den russiske trålaren «Kem» ved Fiskerstrand Verft på Sula på Sunnmøre.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK