Rekordhøge sjølvmordstal blant barn

Sjølvmord blant japanske skuleelevar er rekordhøg, skriv CNN. Japan registrerte 415 sjølvmord blant skuleelevar i alderen 6 til 18 år i løpet av skuleåret 2020. Det er det høgaste talet sidan 1974, då Japan byrja å registrere sjølvmorda. Førre skuleår låg talet på 317.

Den japanske kringkastaren NHK melder at det er ein rekke faktorar bak sjølvmorda, som familieproblem og dårlege skuleresultat. Likevel er årsaka blant meir enn halvparten av sjølvmorda førre skuleår, ukjent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no