Hopp til innhold

Rekordhøge flaskehalsinntekter for Statnett

Dei store prisforskjellane på straum i Noreg gir Statnett rekordhøge flaskehalsinntekter, skriv Europower.

Så langt i år har Statnett tent 11,5 milliardar kroner i flaskehalsinntekter. I fjor tente dei til saman 5,3 milliardar i slike inntekter.

Flaskehalsinntekter er inntekter Statnett får når straumen går frå eit område til eit anna. Differansen mellom prisane i ulike område går til Statnett.

Inntektene skal førast tilbake til straumkundane over tid.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no