Hopp til innhold

Protesterer mot Storbritannias Rwanda-plan

Europarådet og FN protesterer etter at britiske styresmakter vedtok ein plan om å senda asylsøkarar til Rwanda.

– Den nye lova markerer eit ytterlegare steg bort frå Storbritannias lange tradisjon for å gi ein tilfluktsstad til dei som treng det, og er i strid med Flyktningkonvensjonen, seier Filippo Grandi, FNs høgkommissær for flyktningar.

Lova vart vedtatt i Parlamentet måndag kveld. Storbritannias statsminister Rishi Sunak sa i går kveld at dei allereie har bestilt fly og landingsplass i Rwanda.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no