Portforbod oppheva i Melbourne
Portforbodet om natta i den australske delstaten Victoria er oppheva, då talet på koronasmitta er på sitt lågaste sidan juni, melder AP. Fem nye tilfelle blei registrert siste døgn. Dei fleste born i delstaten får dermed gå på skulen att i oktober.