Hopp til innhold

Politiet i Troms legg bort sak om kabelbrot

Troms politidistrikt har lagt bort etterforskinga etter kabelbrotet ved Lofoten-Vesterålen havobservatorium. Saka er lagt bort grunna manglande bevis.

Sjølve kabelbrotet er antatt for å ha skjedd i april i fjor.

– Etterforskinga syner at kabelen mest sannsynleg er riven bort av et fiskefartøy, som deretter har kappet kabelen, seier politiadvokat Ronny Jørgensen.

Etterforskinga på eit liknande brot av fiberkablane mellom fastlandet og Svalbard frå januar i år blei lagt bort grunna manglande bevis i mars.

Politiet såg på moglege samanheng mellom dei to sakene, men det har ikkje forandra utfallet i nokon av dei.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no