Hopp til innhold

Polen vil ha erstatning frå Tyskland etter andre verdskrig

Polen vil krevje kompensasjon frå Tyskland for skadane landet fekk under andre verdskrig, melder Reuters. Det seier den tidlegare statsministeren Jaroslaw Kaczynski, som no leiar det regjerande nasjonalistpartiet.

Andre verdskrig braut ut då Nazi-Tyskland invaderte Polen 1939. Landet vart utsett for harde åtak først frå Tyskland, før Sovjetunionen seinare gjekk til åtak frå aust. Rundt 90 prosent av dei polske jødane vart også drepne.

Kaczynski seier den tyske invasjonen kosta Polen kring 13.000 milliardar kroner. Det er litt over verdien av det norske oljefondet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no