Pfizer vil vaksinere barn i sommar
Det kan verte mogleg å vaksinere barn med Pfizer-vaksinen allereie i sommar.
Det opplyser selskapet til SVT.
Vaksineselskapet ventar no på ei godkjenning frå det amerikanske legemiddelverket, av ein vaksinestudie på barn mellom 12-15 år.
Om lag 2000 barn deltok i studien, og tryggingsprosenten mot covid-19 skal ha vore 100 prosent, utan andre biverknadar enn kva ein også ser hjå vaksne.