Hopp til innhold

Oslo pride vil ikkje arrangere noko no

Leiar av Oslo pride er glad for at trugselnivået er teke ned, men fortel at dei ikkje vil arrangere noko i Oslo no, seier Inger Kristin Haugsevje til NRK.

– Vi vil ta sommarferie og så skal vi diskutere vegen vidare med det skeive miljøet etter ferien. No er vi samla, meir synlege, stoltare og sterkare, seier ho.

Ho legg til at ho håper arrangement rundt omkring i Noreg kan gå av stabelen som planlagt.

– No er det viktigare enn nokosinne å delta på pride i bygda og i byen der du bur, seier ho.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no