Hopp til innhold

Økokrim utelukkar ikkje innsidehandel i forelda Nordic Mining-kjøp

I september 2013 kjøpte Sindre Finnes aksjar i selskapet Nordic Mining. Forholdet er i dag forelda, men Økokrim kan ikkje utelukke innsidehandel ved kjøpet.

– Den 30. september 2013 investerte Sindre Finnes omtrent 12.500 kroner for å kjøpe 33.000 aksjar i Nordic Mining. Den 3. og 4. oktober 2013 kjøpte han ytterlegare 57.500 aksjar for 23.575 kroner, står det i grunngjevinga frå Økokrim fredag.

Indikasjonar på at myndigheitene ville tillate sjødeponi kunne ha betydning for prisen på aksjen, meiner Økokrim.

– Kva gjeld de to siste kjøpa, legger vi derfor til grunn at det ikkje låg føre innsideinformasjon på kjøpstidspunktet. Det kan ikkje utelukkast at dette stiller seg annleis for det første kjøpet. Det forholdet blei uansett forelda 30. september, noko Økokrim var kjent med at ville inntreffe, skriv dei vidare.

Det ville uansett ikkje ha vore aktuelt å iverksette etterforsking for ein transaksjon i storleiksorden 10000 kroner som ligg ti år tilbake i tid, heiter det i pressemeldinga.

Aksjonister demonstrerer mot deponi i Førdefjorden
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no