49. person med omgangssjuke
DNT melder at ein person laurdag vart frakta ut frå turisthytta Krækkja. Vedkommande hadde symptom på noroviruset som har herja på Hardangervidda gjennom påsken. Det er det 49. tilfellet så langt i påskeveka.
Flere turisthytter og hoteller melder om magasjau og fryktet smitte av norovirus i påsken. Blant de rammede er 10 turisthytter på Hardangervidda og høyfjellshotellet Vestlia Resort på Geilo.
DNT melder at ein person laurdag vart frakta ut frå turisthytta Krækkja. Vedkommande hadde symptom på noroviruset som har herja på Hardangervidda gjennom påsken. Det er det 49. tilfellet så langt i påskeveka.
Laurdag er det berre registrert eitt nytt tilfelle av viruset som har herja turisthyttene på Hardangervidda i påsken. Den 48. og siste personen med symptom på norovirus vart henta ut frå Rauhelleren langfredag. DNT meiner det verste no er over.
Ein mann vart i går kveld køyrt ned frå Mårbu turisthytte, truleg sjuk av norovirus. – Han var dårleg då han kom og måtte snu i døra. Berre eitt tilfelle sidan i går tyder på at situasjonen har roa seg, seier Henning Hoff Wikborg i DNT.
Turistforeininga melder om tre nye tilfelle av magevirus på hyttene på Hardangervidda sidan førre oppdatering i går. To personar blei køyrt ut frå Mårbu og Rauhelleren i går, medan ein person blir frakta ut frå Kjeldebu i dag.
DNT har registrert tre nye tilfelle av omgangssjuke på sine hytter sidan i går ettermiddag. To tilfelle på hyttene Mårbu og Rauhelleren, og eitt på den sjølvbetente hytta Kjeldebu. – Vi har ikkje lenger mange som er sjuke på same stad, så vi håpar at det verste er over no. Vi heldt fram med vaskerutinane og håpar det heldt seg på eit moderat nivå ut påsken, seier dagleg leiar i DNT, Henning Hoff Wikborg.
Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.