Hopp til innhold

Noreg nesten til topps på klimaversting-liste

Eit globalt nettverk av klimaorganisasjonar, kalla «Climate Action Network», deler ut prisen «Dagens fossil» under COP 28.

Den går til «dei landa som er best på å vera dårlegast og som gjer mest for å gjera minst»

Prisen for onsdag gjekk ikkje til Noreg, men det var ikkje langt unna. Noreg var nummer to, bak Alberta i Canada.

Grunngjevinga for at Noreg er på lista, er avgjersla om havbotnsmineralar.

«Å skrapa havet og øydeleggja økosystem som er viktige for planeten vår, er alt anna enn grønt uansett kva minerala blir brukt til»

Noreg får difor «gjensitjing» for å vera uansvarleg, og fordi handlingane deira set tonen for «dårleg oppførsel» i internasjonale forhandlingar om gruvedrift på havbotn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no