Hopp til innhold

Noreg gir 100 millionar kroner til palestinarane

Styresmaktene i dei palestinske områda manglar pengar til å betale for grunnleggande tenester, som helse og utdannings, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding.

– Difor overfører Noreg no 100 millionar kroner i budsjettstøtte, seier han.

Pengane skal brukast blant anna på medisinar og behandling ved palestinske sjukehus i Aust-Jerusalem.

Den økonomiske situasjonen til det palestinske sjølvstyret har blitt vanskelegare på grunn av krigen i Gaza, og har ført til auka uro på Vestbreidda.

– Vi må hindre at det palestinske sjølvstyret kollapsar. Det ville vore eit alvorleg tilbakesteg for palestinarane og ei mogeleg tostatsløysing, seier Eide.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no