Nektar å møte australsk statsråd

Den franske handelsministeren Franck Riester har avslått tilbodet om å møte den australske handelsministeren, Dan Tehan, i Paris i oktober.

Grunnen er at Australia nyleg skrota ei ubåtkontrakt med Frankrike til fordel for ein avtale med USA og Storbritannia.

Det franske handelsdepartementet meiner det er for tidleg med eit møte no, ifølge Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no