Hopp til innhold

Naudnettet er nede

Uveret har ført til at naud- og telefonnettet er nede fleire stadar i Vestfold og Telemark, Viken og Innlandet.

– Store delar av telefonnettet til Telenor, Telia og Ice er nede i disse områda, seier avdelingsleiar for kommunikasjon i Vestre Viken helseføretak, Hege Frostad Dahle til NTB.

Mange av basestasjonane i desse områda går no på reservestraum. Fleire stasjonar kan falle ut om straumbrotet varer lenger. Det kan bli verre enn det er no, seier Dahle.

På spørsmål om kor alvorleg sitasjonen er når det kjem til liv og helse svarar han:

– Det er ein avlorleg situasjon.

Ringerike brann skriv på Twitter at dei har bemanna brannstasjonen på Nes og ber folk møte direkte der slik at dei kan få varsla vidare om nokon treng hjelp.

Grunna uveret som herjar på Sør og Austlandet er det problem med mobilnettet også i Flå. Sør-Aust politidistrikt skriv på Twitter at det vil stå ein ambulanse ved McDonalds i Flå med blålys på om nokon skulle trenge akutt helsehjelp.

Det blåser fortsatt kraftig i Buskerud.
Foto: Harald Reitan

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no