Moxnes: Regjeringa braut grunnlova

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner regjeringa braut grunnlova, for å så prøva å skjula det for Stortinget.

Ifølgje Nettavisen informerte ikkje statsminister Erna Solberg Stortinget då ho signerte den såkalla JPA-avtalen i mars i fjor. I koronakommisjonen sin rapport kjem det fram at dette braut med grunnlova.

Rammeavtalen gjeld norsk deltaking i eit EU-initiativ (JPA) for felles innkjøp av legemiddel, medisinsk utstyr og verneutstyr.

I saker som er av «særleg stor viktigheit» må Stortinget samtykka til at regjeringa inngår avtaler eller traktatar. Regjeringsadvokaten har slått fast at JPA er ei slik sak.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no