Hopp til innhold

Mobbing kan ligge bak finsk skuleskyting

Finsk politi trur mobbing kan vera motivet bak skytinga på ein finsk skule tysdag. Det skriv YLE i dag. Ein 12 år gamal gut var drepen og to jenter hardt skada i skytinga på skulen i Vanda utanfor hovudstaden Helsingfors. Ein tolv år gamal gut er tatt hand om av politi og barnevern, og han skal ha innrømme at det var han som skaut. Drapsvåpenet var ein pistol som er registrert på det politiet kallar ein nær slektning av guten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no