Hopp til innhold

Minst ti pilegrimar døydde i bussulykke i India

Minst ti personar mista livet og 55 vart skadde då ein buss med hindupilegrimar køyrde av vegen og hamna i ein ravine i den indiskkontrollerte delen av Kashmir.

Ulykka skjedde i nærleiken av byen Jammu, medan bussen var på veg frå den nordindiske byen Amritsar til ein heilagdom i Katri i Kashmir, opplyser politiet. Politimann Chandan Kohli seier til media at det var for mange passasjerar om bord på bussen.

Heilagdommen Vaishno Devi er respektert og blir besøkt årleg av hundretusenvis av hinduar. Pilegrimane som døydde i ulykka tysdag, var frå delstaten Bihar i den austlege delen av India.

Trafikktryggleiken i India er blant dei dårlegaste i verda. Hundretusen døyr eller blir skadde på vegane i landet årleg.
(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no