Meiner tre dosar er nok
Pfizer og Biontech meiner tre dosar av den eksisterande koronavaksinen er nok til å nøytralisere omikron-viruset. Dei seier to dosar kan fungere mot alvorleg sjukdom, men at tre dosar fungerer svært godt.
Samtidig seier selskapa at dei jobbar med ei vaksine som skal vere spesielt retta mot omikronvarianten, melder Wall Street Journal. Selskapa håper at vaksinen skal vere tilgjengeleg innan mars, om det skulle bli naudsynt.