Meiner straffehistorikken er relevant
Retten meiner straffehistorikken til Vassbakk viser at han frå midten av 80-talet fram til 2005 gjorde fleire seksualrelaterte lovbrot. I perioden rundt drapstidspunktet fekk han fleire dommar. Tiltalte hadde fetisjar som ikkje var av alvorleg art, men kriminaliteten han gjorde for å oppfylle fetisjane var alvorlege. Retten meiner dette passar inn i eit bilde av ein person som kunne ha gjort seg skuldig i drapet på Birgitte Tengs dersom han hadde blitt avvist.