Hopp til innhold

Meiner Stortinget bør vurdere å utsette ferien

I neste veke møter justisminister Emilie Enger Mehl i Stortinget for å gjere greie for funna som blei gjort i evalueringsrapporten etter Pride-skytinga i Oslo i fjor.

Leiaren for justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp), meiner dei bør vurdere å utsette sommarferien til politikarane.

– Vi må ta oss den tida vi treng for å behandle saka. Stortinget går frå kvarandre neste fredag. Dersom det blir naudsynt, meiner eg vi må ta oss den tida vi treng for å få avtalt eit møte seinare og få behandla dette. Stortinget kan ikkje vente til oktober med å ta stilling til den utgreiinga justisministeren kjem med.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no