Matkrise i Myanmar

Den politiske krisa i Myanmar har råka økonomien i landet hardt. No slit folk med å ha råd til mat, skriv NTB. 1. februar i år vart staten kuppa og den sivile leiaren i landet, Aung San Suu Kyi vart sette i husarrest.

Fleire har no mista jobben, prisen på bensin har auka, fabrikkar er stengde og det er timelange køar til bankane.

Verdas matvareprogram trur 3,4 millionar menneske i Myanmar kjem til å svelte dei neste seks månadene.

Ei kvinne prater med en lokal grønnsakshandler på et marked i Myanmar.
Foto: STR / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no