Marokko åtvarar Spania
Marokko seier dei har fått eit dårlegare forhold til Spania etter at leiaren for sjølvstenderørsla i Vest-Sahara fekk reise til Spania for medisinsk behandling.
Marokko meiner han reiste med falske papir.
Forholdet mellom Marokko og Spania er spent etter at fleire tusen menneske har teke seg inn i den spanske enklaven Ceuta på kysten av Marokko. Dei fleste er sende tilbake til Marokko.