Hopp til innhold

Markant nedgang på Oslo Børs

Oslo Børs fell 1,4 prosent frå start etter kraftig uro dei siste dagane, skriv E24. Hovudindeksen er ned 0,8 prosent like etter opningstid.

Verdas børser var også prega av uro måndag.

– Børsuroen kan truleg bli knytt til frykt for at sterk renteoppgang vil bremse økonomien, spesielt i USA. Sentralbankane er i ferd med å setta rentene markant opp for å få inflasjonen ned, skriv Knut A. Magnussen i DNB Markets i ein rapport måndag.

Kongberg Gruppen fell over ti prosent etter kvartalstala blei offentleggjort.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no