Hopp til innhold

Marcos Jr. leiar på meiningsmålingane i Filippinane

Ferdinand Marcos Jr. får støtte frå 56 prosent av dei spurde i ei meiningsmåling før presidentvalet i Filippinane 9. mai. Han er med det favoritt til å ta over etter president Rodrigo Duterte, som ikkje kan stille til attval. Marcos er sonen til Ferdinand Marcos som styrte Filippinane mellom 1965 og 1986. Han blei styrta i ein folkeleg revolusjon, og blei skulda for korrupsjon og menneskerettsbrot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no