Hopp til innhold
Mann med øks skutt av politiet på Skjetten.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Mann skoten av politiet på Skjetten

Oppsummert

Ein ein mann med øks vart fredag skoten av politiet på Skjetten i Akershus etter at han hadde framsett truslar mot politiet. På staden vart det og funne ei kvinne med alvorlege skader.

  • Sikta for grov kroppsskade

    Ein mann er sikta for å ha utført grov kroppsskade mot ei kvinne på Skjetten fredag. NTB skriv at mannen vart skoten av politiet då han gjekk til angrep på dei fredag. Både mannen og kvinna er stabile, og kan kome til å verte avhøyrde laurdag.

  • Skoten mann operert

    Mannen som vart skoten av politiet på Skjetten i går, er vaken etter å ha blitt operert i natt. Mannen vart funnen med øks etter at politiet fekk melding om at ei kvinne var alvorleg skadd. Kvinna er vaken, etter å ha fått behandling for kuttskader.

    Laster Twitter-innhold
  • Trur kvinne er utsett for vald

    Politiet seier at alt tyder på at kvinna som vart funne alvorleg skada på Skjetten i Akershus, har vore utsett for vald. Dei vil ikkje seie om mannen som vart skoten av politiet etter at han trua med øks, er mistenkt i saka. Han er sendt til sjukehus.

  • Kritisk skadd etter politiskot

    Ein mann har frakta til sjukehus med kritiske skader etter han vart skoten av politiet på Skjetten i Akershus, skriv politiet på Twitter. Mannen vart funnen på staden med øks, etter at det hadde kome melding om ei alvorleg skadd kvinne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no