Hopp til innhold

Mann i Matapours omgangskrets forklarar seg

Mannen som forklarar seg i retten fredag, skal ha blitt kjent med Matapour gjennom felles venar. Ifølgje han sjølv var dei aldri nære venar og møttest få gonger dei siste åra. Førre gong dei hadde kontakt var nokre månadar før angrepet.

Han skildrar Matapour som ein roleg mann som ofte var stille i sosiale samanhengar. Ifølgje vitnet var Matapour konservativ muslim, men var ikkje dømmande eller hadde tydeleg ekstreme haldningar.

Vitnet skal ha møtt Matapour saman med Arfan Bhatti tilfeldig ein gong, og han skal då ha blitt overraska av å sjå dei to saman.

Då Matapour blei pågripen 25.juni, stod mannens telefonnummer på ein gul lapp i bukselomma hans.

Han seier sjølv han ikkje forstår kvifor nummeret hans stod på lappen, og at det i ettertid har vore svært belastande for han.

Zaniar Matapour går bortover en gate i Oslo sentrum før skytingen.
Foto: Politiet / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no