Mann gripen for Trosterud-skyting

Det stadfestar Grete Lien Metlid i politiet til NRK. Mannen er ifølgje Metlid «godt vaksen», men vil ikkje kommentere alderen. Ho fortel at politiet er varsam med å gå i detaljar.

– Han er arrestert i Oslo. Han bur her. Arrestasjonen skjedde innandørs, seier Metlid, som er leiar for Felles eining for etterretning og etterforskning i Oslo politidistrikt.

Metlid seier ho håpar politiet får avhøyrt mannen i løpet av dagen. Han vart arrestert i dag tidleg.

I slutten av august blei ein mann i 50-åra arrestert og sikta for drapsforsøk, men blei lauslaten etter få dagar. Ifølgje Metlid er det ikkje den samme mannen som er arrestert på nytt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no