Døydde på glattcelle av etanol
Mannen i 40-åra, som i sommar døydde på glattcelle i Tromsø, døydde av forgifting av etanol og andre medikament, skriv itromso. Etterforskinga av saka er enno ikkje ferdig, fleire skal til avhøyr, og spesialeininga for politisaker vil vurdere kva rolle politiet har i dødsfallet.