Hopp til innhold

Må bruke toalettet som klasserom

Elevar ved Storebø skule i Austevoll kommune i Vestland må slite med dårleg inneklima og plassmangel.

I 2016 blei skulen utvida for å romme elevtalet der. Men same året vedtok politikarane i kommunen å legge ned ein annan skule, og flytte elevar over til Storebø.

Det har gjort at skulen har måtte bygge brakkerigg, og ta i bruk alle tilgjengelege rom på skulen. Blant anna må dei bruke eit kombinert toalett og stellerom for elevar som treng spesiell pleie til undervisningsrom for framandspråklege elevar.

Ordførar Morten Storebø (H) vedgår at planlegginga ikkje var god nok då dei vedtok å legge ned ein skule, men at dei håper å få på plass nye brakker frå neste skuleår.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no