Hopp til innhold

Lønnsforhandlingar mellom SAS og kabintilsette i september

I september startar lønnsforhandlingane mellom SAS og dei kabintilsette. Dei tilsette seier at lønn blir viktig.

– Vi hadde rekna med å starte i august, men fekk akkurat innkalling frå SAS, seier Bjarte Stedje, som er leiar for kabinforeininga i SAS til E24.

SAS stadfestar at dei vil starte forhandlingane i september, men vil ikkje seie noko kva dei vil prioritere i forhandlingane.

I juli gjekk 900 SAS-pilotar i Noreg, Sverige og Danmark ut i streik. Streiken varte i 15 dagar, som førte til 3700 kansellerte avgangar og 380.000 passasjerar blei ramma.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no