Lånekassa aukar fastrenta
Frå 1. september stig fastrentene på studielånet, skriv Lånekassen i ei pressemelding.
Eit lån med tre års binding får ei fastrente på 3,88 prosent, medan fem års binding gir ei rente på 3,986 prosent. For eit fastrentelån med ti års binding blir den nye rentesatsen 4,054 prosent.
– Det at fastrentene våre går ytterlegare opp, heng saman med at marknadsrentene har gått opp, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.
Flytande rente frå 1. september vil vere 1,972 prosent.