Kvinna bak Pompel og Pilt er død
Kvinna som laga dokkene Pompel og Pilt er død. Dokkemakar og kunstnar Bjørg Mykle blei 82 år gamal, melder Dagbladet.
Saman med ektemannen Arne Bust Mykle laga ho fleire dokketeater og TV-seriar for NRK frå 1969 og i fleire år framover.
Bjørg Mykle underviste og på Høgskulen i Oslo, og fortsette med å syne dokketeater etter at ho gjekk av med pensjon.