Hopp til innhold

Kuleba: Ukraina har budd seg godt på vinteren

Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba og Noregs utanriksminister Espen Barth Eide møttest for første gong under Natos utanriksministermøte i Brussel onsdag. Der drøfta dei blant anna Vestens støtte til Ukraina og den komande vinteren.

I fjor var det fleire store straumbrot etter russisk bombing av infrastruktur.

– Vi har budd oss godt før denne vinteren. Vi har gjort utbetringar på infrastruktur og systema våre. Men Russland har også gjort seg erfaringar og har gjort sine førebuingar. Men vi er budde, seier Kuleba til NRK etter møtet.

Den vestlege støtta til Ukraina var også eit tema etter at ein del politikarar på ytre høgre har sagt at dei ønsker å trappe ned støtta.

– Men det store fleirtalet av vestlege leiarar er samde om å halde fram å støtte Ukraina. Det viser kor viktig det er at vi samordnar oss, blant anna gjennom Ukraina-Nato-rådet, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no