Krev auka kjøpekraft
Auka kjøpekraft blir det viktigaste i årets lønnsoppgjer, meiner Fellesforbundes leiar Jørn Eggum, som kallar det eit «hårete mål». I dag skal krava vedtakast.
Men overfor Klassekampen slår Eggum likevel fast at dei ikkje får gjort noko med at fjorårets oppgjer vart ete opp av rekordhøge prisar.
I lønnsoppgjera er eitt forbund viktigare enn dei andre, nemleg Fellesforbundet, som organiserer dei såkalla frontfaga, altså arbeidarane i konkurranseutsett industri.