Hopp til innhold

Korona-undersøking: Ein av tre er einsame

Ein av tre her i landet har dei siste vekene følt seg einsame som ein følgje av koronaepidemien. Det er det høgste nivået sidan mai i fjor.

Nivået ligg fire prosentpoeng lågare enn januar i fjor, ifølgje Norsk koronamonitor.

– Ein av dei tøffaste periodane i pandemien starta på nyåret i fjor. Fullt så ille er det ikkje no, men heller ikkje langt unna, seier seniorrådgiver Nora Clausen i Opinion.

Andelen som føler seg einsame, har i liten grad endra seg før og etter at smitteverntiltaka blei justert sist veke.

– Framleis er det dei yngre som har det tøffast under pandemien, men styresmaktene sine endringar i tiltak har utjamna aldersbyrda i samfunnet noko, seier Clausen.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no