Hopp til innhold

Kontrollkomiteen opnar sak om kjøpet av Meraker Brug

Kontroll- og konstitusjonskomiteen opnar sak om staten sitt kjøp av Meraker Brug.

Meraker Brug er 90 prosent av Meråker kommune. Statskog kjøpte området for 2,65 milliardar kroner i 2022.

I ettertid var det fleire som kritiserte prislappen på området. Ein meklar meinte at staten betalte minst ein milliard for mykje enn eigedomen eigentleg var verdt.

– Dei må svare på kva vurderar dei har gjort. Dei har hatt verdivurdering internt og eksternt som lå betydeleg under det som blei sluttsumme. Då er spørsmålet om dei har følgt reglane for føring under strek. Det meiner vel vi langt på veg dei ikkje har gjort, seier Peter Frølich til NTB.

Området har ein storleik på 1,3 millionar mål. Før eigedomen blei kjøpt av staten, utgjorde det landets største private eigedom. Store delar av han er produktiv skog. Regjeringa kjøpte eigedomen for å sikre han i norske hender og for å betre tilgangen på jakt og fiske.

Statskog kjøper Meraker Brug for 2,65 milliarder kroner.

Måtte by på giganteiendom i skjult budprosess: – Usedvanlig høy pris

Statskog la 2,65 milliarder på bordet for Meraker Brug uten å vite hva andre budgivere var villige til å by. Megler mener staten betalte minst 1 milliard for mye.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no