Knyt kuppforsøk til ekspresident

Myndigheitene i Sudan seier det var tilhengarar av den tidlegare presidenten og diktatoren Omar al-Bashir som stod bak kuppforsøket i landet.

– Vi har arrestert leiarane for det mislykka komplottet, som involverte militære offiserar og sivile som tilhøyrar det avsette regimet, seier minister Hamza Baloul ifølge Reuters.

Al-Bashir blei avsett som president i 2019 etter fleire månadar med opprør og demonstrasjonar mot han. Han skal bli overført til den internasjonale straffedomstolen i Haag, og kan bli tiltalt for mellom anna folkemord og krigsbrotsverk.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no