Hopp til innhold

Kausars advokat fekk ikkje sjå det hemmelege vitne: – Absurd

Torsdag og fredag denne veka var det eit hemmeleg vitne som skulle forklare seg i straffesaka mot Zaniar Matapour.

Det hemmelege vitnet er leiaren til den hemmelege agenten som politiet meiner var i kontakt med Arfan Bhatti og Aisha Kausar både før og etter skytinga 25. juni 2022.

Det var strenge tryggingstiltak rundt vitnemålet som berre var open for aktørane i saka.

Det var meldingane mellom Kausar og agenten som fekk varsellampane til å blinke hos E-tenesta veka før terrorhendinga.

Forsvararen til terrorsikta Aisha Kausar, Petar Sekulic, reagerte på at han ikkje fekk sjå og høyre vitnemålet i rettssalen.

– Situasjonen er ganske absurd eigentleg, og veldig spesiell.

– Heile gårsdagens rettsmøte og store delar av dagen i dag dreier seg om klienten min, og då opplevast det svært spesielt at eg ikkje får vere der.

Heller ikkje Arfan Bhatti sin forsvarar fekk ta plass i retten torsdag og fredag føremiddag.

Forsvararane har fått tilbod om å høyre eit lydopptak av vitnet med forvrengt stemme saman med pressa, og få ein skriftleg transkripsjon. Men dette meiner Sekulic ikkje er nok.

– Der får ein ikkje med seg alle nyansane i høve forklaringa til vitne.

Aktor i saka, Sturla Henriksbø, seier at det har vore strenge tryggingstiltak for å sikre at ingen skal kunne kjenne igjen vitne.

– Det har derfor vore eit mål å redusere talet på personar som er inne i salen under forklaringa til eit absolutt minimum. Og då har retten fastlagt kven som skal vere til stades.

Forsvarsadvokat Petar Sekulic.
Foto: Eva Marie Bulai / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no