Kaptein Sabeltann på kinotokt i USA
Filmen «Kaptein Sabeltann og den magiske diamant» har premiere på kino i USA i desse dagar. 99 amerikanske kinoar opnar dørene for Sabeltann, trass i den pågåande koronakrisa, kjem det fram i ei pressemelding om piraten si nye tokt.