Hopp til innhold

Jubel då drivstoff kom til Libanon

For første gong har ein lastebilkolonne med drivstoff frå Iran kome til kriseramma Libanon. Leveransen er organisert av Hizbollah.

Det var rundt 80 tankbilar som kryssa grensa torsdag. Dei vart møtt med nøgde Hizbollah-tilhengjarar som vifta med flagget til den sjiamuslimske gruppa, og kvinner som kasta ris og roseblad.

Det har vore stor mangel på drivstoff som følgje av den økonomiske krisa i Libanon etter at dei ikkje lenger klare å betene statsgjelda si i fjor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no