Hopp til innhold

Jordskjelv utanfor vestlandskysten

Det er registrert eit jordskjelv med styrke 3, 9 utanfor Bremanger onsdag ettermiddag, viser målingar gjort av Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk.

Seismolog Bettina Goertz-Allmann ved forskingsinstituttet Norsar seier dei har estimert skjelvet til å vera av storleik 4. Ein slik styrke er ifølge Norsar «stort sett merka» og eitt nivå under jordskjelv av typen «sterk».

Kjernen av skjelvet skal vera 60 km vest for Florø, ifølge Norsar.

NRK har motteke tips og telefonar frå folk som seier at jordskjelvet kjendest på fleire stader i Vestland og Møre og Romsdal.

Tømrar Joakim Totland Hauge merka godt jordskjelvet under lunsjen i anleggsbrakka.

Fleire meldingar om jordskjelv på vestlandskysten

Fleire stadar på Vestlandet er det meldt om eit jordskjelv onsdag ettermiddag. Nær 200 kilometer unna har folk kjend det riste i huset.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no